Om Brynjulf
Brynjulf Jung Tjønn blei fødd 1980 i Seoul i Sør-Korea. I 1983 blei han adoptert til Feios i Sogn og Fjordane, kor han vaks opp som odelsgut.
Tjønn er utdanna journalist og arbeider som forlagsredaktør i Samlaget. Han bur i dag i Oslo med familie.
Han debuterte som forfattar i 2002 med romanen Eg kom for å elske på Samlaget og har sidan gjeve ut fleire bøker, for både barn, ungdom og vaksne. I 2013 kom ungdomsromanen Så vakker du er (Cappelen Damm), som blei tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2013. Boka blei også nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok. I 2018 blei ungdomsromanen Smadra (Cappelen Damm) nominert til Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok. I 2021 blei romanen Kvar dag skal vi vere så modige (Cappelen Damm) nominert til P2-lytternes romanpris på NRK.
​
I 2022 kjem Brynjulf med bildeboka Gard er ikkje redd, illustrert av Sunniva Sunde Krogseth (Aschehoug).
​
Både ungdomsromanen Så vakker du er og romanen Alt det mørke og alt det lyse blei dramatisert og satt opp på Teater Vestland.
I 2022 og 2023 er Brynjulf Jung Tjønn Husdramatikar ved Dramatikkens Hus.